Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNesland, Silje
dc.date.accessioned2013-09-06T12:01:00Z
dc.date.available2013-09-06T12:01:00Z
dc.date.copyright2013
dc.date.issued2013-09-06
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/188562
dc.description.abstractDet har lenge vore eit høgt utbyggingspress i strandsona, særlig langs Skagerakskysten og i nærleiken av byar og tettstader. Bakgrunnen for presset er den stadige kampen om plassen langs kysten. På grunn av lite heilskapleg og langsiktig planlegging i strandsona, har det ført til at utbyggingar har skjedd gjennom enkeltvise dispensasjonar, og resultert i ein såkalla bit-for-bit utbygging. I ein slik utbygging er det ikkje dei enkelte tiltaka som er problemet, men summen av alle tiltaka som blir sett på som den store utfordringa. I den nye plan- og bygningslova er byggjeforbodet i 100-meterbeltet langs sjø stramma inn, og det er gitt eit nytt vilkår i § 1-8 tredje ledd der ein kan nyansere byggjeforbodet ved å fastsette eigne byggegrenser i plan. Ved bruk av byggegrenser kan kommunane detaljregulere den framtidige bruken eller bevaringa av areala i ein overordna plan. Denne masteroppgåva handlar om korleis Tvedestrand kommune har brukt byggegrenser i ein kommunedelplan for å nyansere byggjeforbodet i strandsona, og legg opp til ein planlegging av strandsona som tar omsyn til lokale forhold. Ved å sjå på bruken av byggegrenser som verkemiddel, søkjer oppgåva å beskrive korleis planlegging av strandsona endrast gjennom fastsetting av byggegrenser, i forhold til slik strandsonevernet regulerast gjennom det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet. Det blir også undersøkt kva for kunnskaps- og omsynsgrunnlag kommunen har fastsett byggegrensene på. Tvedestrand kommune er valt som studieområde, der oppgåva tar utgangspunkt i kommunens pilotprosjekt som omhandlar kommunedelplan for «kystsonenes byggeområde». Semistrukturerte intervju har blitt utført med tilsette i Tvedestrand kommune, fylkesmannens miljøvernavdelinga i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune. Det er også utført eit dokumentstudie av kommunens plandokumenter og eit studie av sentrale rettsreglar i plan- og bygningslova. Resultata viser at Tvedestrand kommune har satt i gong med ein differensiert planlegging av strandsona, som eit forsøk på å oppretthalde eit levande kystsamfunn, der dei kan tillate ei vidareutvikling i eksisterande busetnadsområde, samtidig som omsynet til naturmangfald og allmenne interesser blir ivaretatt. Byggegrensene deler strandsona inn i to delar, der det i området framom byggegrensene og nærmast sjøen, er lagt opp til eit strengt vern med ein streng dispensasjonsåtgang. Bak byggegrensene har kommunen fastsett konkrete planføresegner for kva for tiltak som kan oppførast på bakgrunn av ei byggjeløyve, og som dermed ikkje behøver dispensasjon. På nokon område har kommunen fastsett byggegrenser heilt nede i sjøkanten eller ut i sjøen. Dette kan dermed skape utfordring for allmennheitas tilgjengelegheit på sikt. Det er særskilt omsynet til naturmangfald som har vore avgjerande kriterier for fastsetting av byggegrensene, men også eksisterande tilgjengelegheit har vore prioritert. Kommunen var tidligare i ein kontinuerlig konflikt med fylkesmannens miljøvernavdeling, då dei var usamde om kvar einaste dispensasjonssak innanfor 100-metersbeltet. Etter utskiftingar av tilsette i fylkesmannens miljøvernavdeling, har det vore eit nært samarbeid mellom partane, som har resultert i ein open dialog og gjensidig tillit, som i stor grad samsvarer med ein kommunikativ planprosess. Samspelet har vore betydingsfult for plangjennomføringa, og planens art som eit pilotprosjekt har spela ein stor rolle for at kommunen har fenge tett oppfølging og nyttig bistand i arbeidet. Ved fastsetting av differensierte byggegrenser har kommunen i større grad enn gjennom det generelle byggjeforbodet, lagt opp til ein heilskapleg og planbasert styring av strandsona, der kommunen i større grad kan bestemme planlegginga av si eiga strandsone. Byggegrenser som verkemiddel dempar i større grad bit-for-bit utbygginga frå enkeltvise dispensasjonar, og beskyttar naturmangfaldet på området.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectStrandsoneplanleggingno_NO
dc.titlePlanlegging i strandsona, med bruk av differensierte byggegrenser som verkemiddel : erfaringar av pilotprosjekt av Tvedestrand kommuneno_NO
dc.title.alternativePlanning in the coastal zone, using differentiated construction boundaries as a policy instrument : experience from a pilot project in the Tvedestrand municipalityno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Urbanism and physical planning: 230no_NO
dc.source.pagenumber123no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel