Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorWiik, Jan Ottar
dc.date.accessioned2013-08-23T09:50:11Z
dc.date.available2013-08-23T09:50:11Z
dc.date.copyright2013
dc.date.issued2013-08-23
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/188480
dc.descriptionMasteroppgåve i eigedomsfagno_NO
dc.description.abstractOppgåva kastar lys over utfordringar som oppstår mellom eigarar i realsameiger og korleis jordskifteretten handsamar slike utfordringar. I oppgåva vert det undersøkt fire jordskiftesaker i Hordaland fylke, som har til felles at tema er utfordringar mellom eigarar i realsameiger. Desse sakene er nytta som utgangspunkt for å kaste lys over kva utfordringar som fører til at det vert kravd sak for jordskifterettane og korleis jordskifteretten løyser utfordringane. Sakene er også utgangspunkt for analyse av prinsipielle spørsmål knytt til jordskifteretten si handsaming av utfordringar mellom eigarar i realsameiger. Undersøkinga av jordskiftesakene syner at det er ulike årsaker til at sakene vert kravd, men sentrale element som kjem fram er heterogene eigarar, interessemotsetnader og ynskje om individualisering. I høve til jordskifterettane sine løysingar syner undersøkinga at det er stor spennvidde og at løysingane ikkje er gitt i forkant, samt at verkemiddelet bruksordning er fleksibelt og gjev mange moglegheiter. Prinsipielle tema som vert drøfta er mindretalsvern, kommunikasjon mellom partar, jordskifterettane sitt arbeid etter avslutta sak, skeivfordeling av verdiar, utforming av vedtekter, jordskifte og offentleg forvaltning samt særskilte problemstillingar knytt til urbane realsameiger. I arbeidet er det også gitt rom for ei meir generell undersøking av utviklingstrekk når det gjeld utfordringar mellom eigarar i jordsameiger. Denne delen av undersøkinga vert gjennomført ved intervju av fagpersonar innafor jordskifte, landbruk og eigedomsutvikling. Gjennom intervjua vert det fokusert på kva som har vore, kva som er og kva som kan verta framtidige utfordringar mellom eigarar i jordsameiger. Det vert også teke opp spørsmål rundt gjeldande lovverk og om dette er tilpassa utfordringar som i dag og i framtida vil finne stad mellom eigarar i jordsameiger. Gjennom intervjua vert særleg utfordingar knytt til at det er stor grad av heterogene medeigarar i realsameiger, trekt fram. Det vert uttykt at denne utfordringa truleg kjem til å auke i omfang i framtida. I høve til gjeldande lovverk, kjem det mellom anna fram synspunkt på at bindinga mellom sameigepart og eigedom er noko sterk.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectJordskifteno_NO
dc.subjectRealsameigeno_NO
dc.subjectJordsameigeno_NO
dc.subjectJordskiftelovno_NO
dc.subjectSameige mellom brukno_NO
dc.subjectUtfordringarno_NO
dc.titleJordskifteretten som handsamar av utfordringar mellom eigarar i realsameigerno_NO
dc.title.alternativeThe land consolidation court as a processing institution for challenges between owners in joint co-ownershipsno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Law: 340no_NO
dc.source.pagenumber157no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel