Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæbø, Vidar Espen
dc.date.accessioned2012-08-02T13:17:52Z
dc.date.available2012-08-02T13:17:52Z
dc.date.copyright2012
dc.date.issued2012-08-02
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/188342
dc.description.abstractDenne oppgåva tek for seg ein del moment kring sakstypen grensegang for offentleg regulering av eigarrådvelde. Den er meint for å kaste lys over praksis hjå jordskifterettane i høve til handsaminga av denne typen grensegangsak, samt lovverk som ligg til grunn for heimelen. Oppgåva har fått tittelen Jordskifteretten som handsamar av grensegang for offentleg regulering av eigarrådvelde. Eg har undersøkt åtte jordskiftedomstolar i Noreg. Dei deltakande domstolane har svart på spørsmål kring den praktiske handsaminga av grensegang for offentleg regulering av eigarrådvelde. Eg har også snakka med dei fylkesmenna ein geografisk kan knytte til jordskifterettane som er med i undersøkinga. Innleiingsvis gjer eg greie for bakgrunnsstoffet for oppgåva. Dette er dei lovparagrafane som er aktuelt å trekkje fram i høve til denne typen grensegangsak. Eg greiar også her ut om korleis vernesaker vert handsama hjå vernestyresmaktene, og korleis dei skal gå fram i ei slik sak. Vidare tek eg for meg jordskifteretten som rettsinstans, for deretter å kome inn på forholdet mellom jordskifteretten og forvaltninga. Hovudfokuset i oppgåva er å kaste lys over ulike moment som er aktuelle i diskusjonen kring jordskifteretten si rolle som handsamar av grensegang for offentleg regulering av eigarrådvelde. Den viktigaste kjelda er intervjuobjekta, særleg med fokus på jordskifteretten sin praksis. Ved å nytte dette materialet og supplere med bakgrunnsstoffet får eg stilt spørsmål kring ei rekkje tilhøve. Undersøkinga syner at det er fleire av jordskifterettane som stiller seg sjølv spørsmålet om dette bør vere ei oppgåve for domstolen. Det vert vidare avdekkja at det er skilnadar i korleis ulike jordskifterettar handsamar same type sak. Dette gjeld særskilt i høve til å fysisk fastsetje ei eigedomsgrense der denne og vernegrensa er meint å vere samanfallande. Eg har blant anna teke for meg problematikken kring uklåre vernekart jordskifteretten får inn ved krav om grensegang. Eg har også sett litt på korleis praksis faktisk er i høve til førearbeida til lovheimelen i jordskiftelova § 88. Det er ved ei slik undersøking vanskeleg å kome fram til ein klår konklusjon i og med at tidsrommet er avgrensa til eit semester, og omfanget av undersøkinga ikkje er stort nok. Oppgåva syner mellom anna at det ligg føre eit stort betringspotensiale i høve til kart og kartgrunnlagt frå vernestyresmaktene si side. Det kjem også fram at prosessane som førar fram til vernevedtak og jordskifteretten sitt arbeid kan verte betre koordinert. Dette har Direktoratet for naturforvalting uttalt at dei allereie er i gong med å sjå på.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectJordskifteno_NO
dc.subjectGrensegangsakno_NO
dc.titleJordskifteretten som handsamar av grensegang for offentleg regulering av eigarrådveldeno_NO
dc.title.alternativeThe land consolidation court's as the processing institution of issues related to borders for public regulation of property rightsno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Law: 340no_NO
dc.source.pagenumber93no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel