Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHoddevik, Cathrine Liss
dc.date.accessioned2012-08-02T10:44:33Z
dc.date.available2012-08-02T10:44:33Z
dc.date.copyright2012
dc.date.issued2012-08-02
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/188312
dc.descriptionMasteroppgåve i eigedomsfag, jordskifte.no_NO
dc.description.abstractSamandrag Gjennom jordskifte eller avtale kan eigarar av ulike eigedomar få oppretta felles private vegar. Føresetnaden for å inngå avtale er semje. Blir ein ikkje samde og ein ynskjer tiltaket gjennomført er jordskifteretten eit naturleg val. Å velje jordskifte kan også vere eit ynskje om kunnskap og ekspertise. Jordskiftesakene eg undersøker i denne oppgåva er avgrensa til å gjelde sakstypen sams tiltak etter jordskiftelova § 2 bokstav e. Hovudproblemstillinga er å undersøke effektar av eit jordskifte og om mogleg seie noko om omfanget. For å svare på dette har eg tre underspørsmål. Kva økonomiske effektar har den etablerte vegen for eigedomen? For skogvegane har partane fått utløyst verdiar som før ikkje var tilgjenglege og dette har for dei fleste partar ført til ein økonomisk gevinst. Andre har fått auka verdien på bustaden sin som følgje av ein tilkomstveg i eit elles bratt og vanskeleg terreng. Det har vore vanskeleg å konkretisere kva den økonomiske verknaden har vore for partane. Kva miljømessige effektar har den etablerte vegen for eigedomen? Det er openbart at vegen har endra miljøet i dei sakene der vegen er bygd. Inngrepa i marka, slik ein veg representerer, vil føre til endring av bruken og det visuelle. Dei fleste partane har meint at vegen opna eit kulturlandskap som vanskeleg hadde latt seg drifte utan ein veg. Har jordskifte medført endring av den sosiale relasjonen mellom partane? Det kom fram mange meiningar om det sosiale forholdet mellom partane etter jordskifte og dei fleste meinte der var skjedd ei positiv endring etter jordskifte. Storparten av dei intervjua partane meiner at vegen er viktig for rekreasjon. Ved å nytte vegen til dette føremålet møter ein naboar og andre, og saman går dei på tur, snakkar og har det hyggeleg i marka. Møteplassen som vegen representerer var der ikkje før, og partane meiner ein slik møteplass har gjeve ein betre relasjon. Eit anna moment som var interessant i samband med sosiale relasjonar, var gjennomføring av vedlikehald og anna naudsynt arbeid på vegen. I saker med høgt konfliktnivå har partane uttalt at det ikkje blir gjennomført vedlikehald på vegen. Partane opplyste at vedtektene til vegen utforma av jordskifteretten er gode. Problemet låg i relasjonen mellom partane. Casestudier av sams tiltak er eit fornuftig metodisk grep, men det gjer også omgrepet effekt meir problematisk, i den meininga at det peikar mot det kontrafaktiske; kva ville ha skjedd utan jordskifte? Intervju som einaste metode synte seg vanskeleg for å kunne undersøke den faktiske økonomiske verknaden for eigedomen. Intervju som einaste metode er eigna for å undersøke miljømessige og sosiale effektar.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectJordskifteno_NO
dc.subjectVegarno_NO
dc.titleEin studie av effekter av jordskifte, ved etablering av vegar etter jordskiftelova § 2 bokstav eno_NO
dc.title.alternativeA study of the effects of land consolidation, the establishment of roads pursuant to the land consolidation Act § 2 letter eno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Law: 340no_NO
dc.source.pagenumber132no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel