Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMelheim, Ingrid
dc.date.accessioned2011-04-19T09:14:37Z
dc.date.available2011-04-19T09:14:37Z
dc.date.copyright2010
dc.date.issued2011-04-19T09:14:37Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/188134
dc.description.abstractSamandrag Oppgåva tek føre seg handtering av siktrydding på private eigedomar langs riks- og fylkesvegar. Siktrydding går ut på å rydde vegetasjon i eit belte ut frå vegkanten og skape eit meir oversiktleg sideterreng. Betra sikt i sideterrenget vil gje betre trafikktryggleik og aukar samstundes trafikantanes køyreoppleving på vegen. Omsyn til vilt er ein viktig faktor ved siktrydding, ved å fjerne attraktiv beitevegetasjon frå vegkanten vil køyrande tidlegare sjå viltet og viltet vil i mindre grad opphalde seg i vegkantane. For å oppnå ønska effekt med siktryddinga bør ein rydde meir enn 3 meter ut frå kantlina, det vil i mange tilfelle tilseie ei rydding ut over vegens eigedomsområde. Oppgåvas hovudproblemstilling er å undersøke kva verkemiddel vegmyndigheita nyttar for å gjennomføre siktrydding på private eigedomar langs riks- og fylkesvegar, for så å finne ut kva alternative verkty vegmyndigheita disponerer for å drive siktrydding langs veg. Vidare skal eg finne ut styrker og ulemper ved desse gjennomføringsverkemidlane og kor operative dei er i bruk. Problemstillinga undersøker korleis ein har handtert forholdet til private grunneigarar i 3 områder i Nord Noreg og kva som kunne ha vore alternativet til måtane dette har blitt gjort på. Alternative måtar til grunneigarhandsaming vert belyst gjennom å undersøke kva styrker og ulemper dei ulike prosessane har. Drøftingane er basert på ei undersøking av empiriske og rettslege forhold. Gjennom aktuell teori og litteratur ynskjer eg å danne eit grunnlag for å analysere empirien og samanlikne prosessane. Målet er å få meir innsikt i prosessane, samt å gje eit innblikk i kva verkemiddel vegmyndigheita har rådigheit over. I litteraturdelen av oppgåva har eg skildra verksemd det offentlege føretek seg på tilliggande eigedomar og ulike verkemiddel for gjennomføring av siktrydding. Delen tek føre seg rettsgrunnlaget for siktrydding og kva som er formålet med siktrydding. Vegmyndigheita rår over fleire verkemiddel for å gjennomføre siktrydding, men i praksis blir det truleg ikkje nytta andre verkemiddel enn avtale. Ut frå undersøkingar eg har gjort viser det seg at det ikkje er ynskje om å nytte tvang for å gjennomføre siktrydding. Årsaka kan vere samhøvet mellom tiltakets omfang og dei høge transaksjonskostnadane oreigning eller sakshandsaming av enkeltvedtak genererer. Empiridelen er oppgåvas undersøkande del og vil vere ei skildring av faktiske situasjonar. Eg har undersøkt organisering av siktrydding i Nord Noreg kor avtale har vore det einerådande verkemiddelet som har vore nytta for gjennomføring av siktrydding. Gjennom intervju med skogbrukssjefar og byggeleiarar for funksjonskontraktar i Statens vegvesen har eg fått eit innblikk i korleis ein handterer grunneigarar og korleis siktrydding blir utført. Ut frå undersøkingane har eg funne ut at det geografiske skilnadar på korleis avtalane blir gjennomført og breidda på ryddesona, medan formålet for siktryddinga hovudsakeleg er den same hjå alle prosjekta. Bruk av kommunal organisering for å gjennomføre siktrydding kan vere med på å redusere transaksjonskostnadar og risiko til fordel for vegmyndigheita. Det kan tenkjast at bruk av kommunalt engasjement påverkar resultata, det gjeld både når det gjeld handsaming av grunneigar og forhold kring den praktiske ryddinga. Til dømes vil kommunen stå friare i forhold til funksjonskontraktar og kan justere breidda på ryddesona etter behov. Kommunane eg har undersøkt ser på siktrydding som del av tenestetilbodet dei ynskje å yte til innbyggarane i kommunen. Hovudbiletet i mi undersøking er at vegmyndigheita synes å ha ei pragmatisk tilnærming og organisering av siktrydding på privat eigedomar. Dette viser seg mellom anna gjennom form og innhald i avtalar som blir inngått med private grunneigarar. Avtalane kviler ikkje på ei regulering eller viser teikn til å vere av langsiktig karakter. Dette kan vere fornuftig i eit ikkje prinsipielt og kortsiktig perspektiv, men det står fram som ei ad hoc løysing på ei evigvarande utfordring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectSiktryddingen_US
dc.subjectMindre eigedomsinngrepen_US
dc.subjectOffentlege avtalaren_US
dc.subjectRiks- og fylkesvegaren_US
dc.subjectVeglovaen_US
dc.titleEigedomsrettslege sider ved siktrydding langs riks- og fylkesvegar i Nord Noregen_US
dc.title.alternativeThe property legal aspects of clearing public roadside vegetation in northern Norwayen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Law: 340::Other subjects within law: 349en_US
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fishery disciplines: 900::Agriculture disciplines: 910::Other agricultural disciplines: 919en_US
dc.source.pagenumber73en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel