Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTaklo, Bjørn Inge
dc.date.accessioned2010-11-30T08:53:55Z
dc.date.available2010-11-30T08:53:55Z
dc.date.issued2010-11-30T08:53:55Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/188022
dc.description.abstractTemaet for denne oppgåva er at det kan oppstå ulike utfordringar der fleire delar på ein felles veg, eller har andre tilknytingar til vegen. Det er også eit grensesnitt mot offentleg forvalting der det kan oppstå mange spørsmål. Oppgåva forsøkjer å få fram ein del av desse spørsmålsstillingane og korleis ein ved hjelp av juridiske løysingar heimla i lovverket eller med hjelp av aktørar på andre arenaer, kan gje svar og løyse nokre av desse spørsmålsstillingane. Privat veg har eit stort omfang i Noreg. Utfordringane som oppstår når ein skal byggje ny felles veg, kome seg inn i eksisterande veg, avklare vegrett og korleis ein skal vedlikehalde og fordele kostnadar kan vere ulike og komplekse. Ein har mange arenaer i Noreg for å løyse slike spørsmål. Til ein del spørsmål og konfliktar kan ein nytte ulike lovheimlar og ulike domstolar. I tillegg fleire løysingar utanfor rettsapparatet viss ein ikkje er avhengig av å få ein dom og tvangskraft. For mange vil dette bilde framstå som uoversiktleg, det er vanskeleg å vite skilnadane og fordelane og ulemper med dei ulike framgangsmåtane for ei mogleg løysing. Løysingane er vanskeleg å få oversikt over. Dei ulike framgangsmåtane har ulik grad av fordelar og ulemper, og er avhengig av sakstype og kompleksitet. Jordskifteretten peikar seg ut med fordelar når det gjeld kostnadar for å få ei rettsleg avgjerd og med fagleg innsikt. I tillegg treng det ikkje å vere tvist i ei jordskiftesak før ein får ei avgjerd, noko som vil vere positivt for forholdet mellom partane etterpå. Med bakgrunn i at vegrettar fører til lange relasjonar mellom partane og at dei er heilt avhengig av vegen til sitt bruksformål, ligg det til rette for ei ”mjukare” form for konfliktløysing enn gjennom ei rettssak der konflikten for dei ordinære domstolane vert spissa til ein tvist. Ei meklingsløysing der ein ser på interessene til partane, bør altså vere godt egna i vegsaker der partane også skal fungere i lag etterpå. Truleg vil det vere ein stor fordel med meklarar som har kompetanse innan fagområdet då temaet kan vere vanskeleg og det er sentralt å få avtalar som sikrar ei god bruksordning for vegen også framover i tid. Andre aktørar, som store organisasjonar spelar truleg ei vesentleg rolle for å få på plass gode avtalar som gjev klarare føringar på både kostnadsfordeling, organisering og eventuell tvisteløysing. Desse aktørane er også sentrale når det gjeld informasjon om temaet til sine medlemar. Offentlege forvaltningsorgan spelar truleg ei sentral rolle når det gjeld informasjon og rådgjeving om løysingsmåtar. Når det gjeld bruk av verkemiddela i plan- og bygningslova, mellom anna oreigning til privat veg, er kommunane generelt svært restriktive og involverar seg sjeldan. I høve samordning av framgangsmåtane i lovverket kan dette verte gjort noko med viss utkast til ny jordskiftelov vert vedteken. Særleg vil dette kunne føre til ei forenkling når det gjeld skjønn. Dette ligg truleg noko fram i tid og skal gjennom ein lang prosess før vi får sjå kva resultatet vert. Når det gjeld stifting av vegrettar og kor klare desse avtalene vert, kan mindre endringar i tinglysingsforskrifta og innføringa av matrikkellov truleg gje gode resultat. Det som er heilt sentralt ved temaet, er at dei som kan ha ein løysingsmåte har ein klar og god informasjonsstrategi. Vidare er det sentralt at dei som arbeider med temaet held seg fagleg oppdatert om dei ulike framgangsmåtane for løysing slik at dei kan rådgje om det som truleg er det mest tenelege for den aktuelle saka.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectprivat felles vegen_US
dc.subjectlovverken_US
dc.subjectdobbelkompetanseen_US
dc.subjectmeklingsløysingaren_US
dc.subjectvegretten_US
dc.subjectvegloven_US
dc.subjectskjønnen_US
dc.subjectbruksordningen_US
dc.subjectveiretten_US
dc.subjectveiloven_US
dc.subjectroadsen_US
dc.subjectlegislationen_US
dc.subjectNorgeen_US
dc.subjectNorwayen_US
dc.titlePrivat felles veg - mange spørsmål - mange løysingsmåtaren_US
dc.title.alternativePrivate common roads - many questions - many solutionsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Urbanism and physical planning: 230::Spatial, territorial planning: 238en_US
dc.source.pagenumber162 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel