Påvising av flyktig kvikksølv og tinn på eit norsk avfallsdeponi ved bruk av mosenett
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/221423Utgivelsesdato
2014-09-24Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master's theses (IMV) [130]
Sammendrag
Det er påvist kvikksølv (Hg) i deponigass i Amerika og Kina, og tinn (Sn) i Tyskland, men
det lite kunnskap om tap ved norske deponi. I denne studien blei ein enkel og rimeleg
metode, bruk av mosenett, nytta for å spore kvikksølv over ei avfallsdeponi. Etasjehusmose, Hylocomium splendes, kjend for sine eigenskapar som biomonitor for spormetall, blei nytta i denne studien. Mosen blei samla inn frå Nordskogen i Ås kommune og tørka ved romtemperatur. Om lag eit gram av to årlige skot av mosen blei lagt i mosenett laga av ein 10 cm x 10 cm tre ramme med eit nylon hårnett pakka stramt rundt. Det blei plassert ut 65 stikker med mosenett i høgdene 45 cm og 80 cm på eit deponi, i om lag seks månadar frå oktober 2013 til mars 2014.
Deponiet som blei undersøkt er lokalisert i Moss kommune. Det er om lag 204 000 m2 stort og har vore i drift sidan 1978. Det blei gjennomført eit tørkeforsøk med mose for å undersøkje eventuelt tap av kvikksølv ved tørketemperatur opp til 103°C. Det blei også gjennomført eit batchforsøk for å undersøkje etasjehusmose sitt opptak av ionisk kviksølv, Hg2+, i løysing med kunstig nedbør med konsentrasjonar av salt tilsvarande innland og kystnedbør. Kvikksølvopptak i mosen vart bestemt indirekte i filtrert nedbørsløysing ved bruk av induktiv kopla plasma masse spektrometri, ICP-MS (Agilent 8800 QQQ). Mose frå mosenett og tørkeforsøk vart analysert etter at mosen hadde blitt dekomponert med syre ved 250 °C ved bruk av mikrobølgjeteknikk (Milestone UltraClave). Mosen vart i tillegg analysert for tinn (Sn) utan at dekomponeringsmetoden vart tilpassa. Resultat for Sn er truleg underestimert i dette arbeidet.
Det blei ikkje påvist tap av kvikksølv i tørkeforsøket. Batchforsøket vist opptak av Hg2+, men eigenskapen som ionebytter utelet ikkje opptak av andre species i mosen. Konsentrasjonane målt i mosen frå mosenett frå deponiet, viste høgare konsentrasjonar av kvikksølv og tinn, enn i mosenett plassert i området rundt. Når resultata blei samanlikna med resultat frå ei
landsdekkande undersøking, var det høgare konsentrasjonar målt ved deponiet enn naturleg bakgrunnsnivå. Dette gir grunn til å tru at deponi er ei potensiell kjelde for utslepp av tinn og kvikksølv til atmosfæren også ved norsk avfallsdeponi. Bruk av mosenett er ein god metode for å lokalisere diffuse tap av Hg og Sn på deponiet.